top of page

Stord kommune - Join opplevelseskort




Opplevelseskortet Join er meint for å utjamne sosial ulikskap og motverke sosial ekskludering for barn og unge frå låginntektsfamiliar.


Sosial ulikskap aukar og barn veks opp i ulike verd av moglegheiter. Utfordringane med auka sosial ulikskap og sosial ekskludering er godt kjent. Join kan gje fleire barn og unge mogelegheiter til å delta i aktivitetar uavhengig av familien si inntektsnivå. Stord kommune ynskjer i størst mogeleg grad å gje barn og unge moglegheit til å delta på aktivitetar som deira vener deltek på. Det kan vere å gå på kino, i symjehallen, teater, ferieaktivitetar mm. Målgruppa er barn og unge i alderen 5-18 år. Opplevelseskortet Join fungerer som eit samarbeid mellom kommune, Nav og private aktørar og frivillige lag og organisasjonar. Det er eit enkelt digitalt verktøy som er treffsikkert i forhold til målgruppa. Aktuelle barn, unge med deira foreldre kan registrere seg gjennom søknad til oss. Barnet og forelderen får ein brukar i joinapp.no. Gjennom web-appen vil barnet og forelderen få tilbod om gratis og eller rabatterte billettar til ulike lokale og nasjonale aktivitetar. Ordninga er i fyrste omgang eit tilbod i 2022. Me vil handsame førespurnaden så raskt som råd og gje eit svar på epost med retteleiing til korleis du kan opprette ein brukar på Joinapp.


370 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Hitra kommune - Opplevelseskortet

Om Opplevelseskortet Bakgrunn Opplevelseskortet Hitra ble innført f.o.m. 2013 som en prøveordning over 2 år, og er etablert som en fast ordning f.o.m. 2015. Målsetning Målet med kortet er å gi barn me

bottom of page